Inga-Cecilie Sørheim. Foto: Privat
Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen

Magien i det menneskelege

Nyleg hadde me datatrøbbel på legekontoret. Nettet var nede, og me hadde ikkje tilgang til journalsystemet. Ei påminning om kor hjelpelause me blir, og kor avhengige me har gjort oss.. Men ein av mine pasientar reagerte på ein annan måte. Så flott», sa han med eit stort smil. Me fekk ein fin prat der blikkontakten ikkje stadig blei avbroten av dataskjermen.

På matbutikken ser eg stadig at folk stimlar rundt dei sjølvbetente kassane, medan butikktilsette sit ledige og kikkar rundt seg. Eg snakka med ei av dei tilsette om dette ein gong. Det er kjekt å sjå kvarandre og slå av ein liten prat, sa eg. Då innrømma ho at det faktisk kjendest ganske trist å sjå alle kundane som heller ville stirre på sjølvbetente skjermar enn å møte eit levande blikk.

Ein treng ikkje tenke sjølv lenger. Algoritmane underheld deg i time etter time framfor skjermen. Svara på alle spørsmål kan ein enkelt google seg til eller spørje ChatGPT om. Og kva er vitsen med å skrive noko sjølv? Kunstig intelligens (KI) genererer den teksten du ber om. Utan skrivefeil, men også utan sjel.

Teknologisk utvikling skal vere til hjelp for oss menneske. Gjere alt enklare, raskare, meir lettvint.. Løyse problem me ikkje klarar. Verda må vidare. Utviklinga kan ikkje bremsast. Er det slik? Eller kan det gå for langt? Kva dersom KI og teknologi faktisk gjer at menneske tenker mindre, skriv mindre, skapar mindre.. Det er tydelege teikn i tida på at vår evne til konsentrasjon og oppmerksamheit allereie er blitt betydeleg svekka.

Maskinar kan hjelpe oss med mykje; ingen tvil om det. Men kan dei erstatte menneskelege eigenskapar? Eg blir på alvor bekymra når eg høyrer at stadig fleire unge bruker ChatGPT som samtalepartnar eller til og med psykolog.. Korleis kan dette ha verdi? Det er ein maskin du snakkar» med..! Me kan effektivisere mange ting ved hjelp av maskinar, men ikkje dei djupt menneskelege tinga i livet; å snakke saman, møte blikket, lytte, utvise empati og forståing, trøyste og gi råd. Som fastlege får eg stadig påminningar om kor viktig det er for folk med ekte relasjonar; at nokon ser deg og kjenner deg. På ekte. Eg er ikkje redd for at KI skal overta jobben min.

Den svenske skistjerna Frida Karlsson sa noko klokt: Me blir behandla som maskinar, men magien litt ikkje i tal og testar.» Nettopp! Me kan ikkje stole blindt på teknologien og leve liva våre etter målingar på pulsklokkene. Me kan kjenne etter kor godt me har sove – utan å sjekke søvnkvaliteten på smartklokka. Me kan kjenne etter korleis me har det – utan å måle body battery» på klokka. Eg mistenker at teknologiske hjelpemiddel som skal optimalisere helse og livskvalitet berre gir oss meir stress. Me blir framande i eigen kropp, og leitar febrilsk etter svar i teknologien. Me må stole på oss sjølve igjen. Der ligg magien.

Vil me ha eit samfunn der me møter blikket til ein skjerm oftare enn blikket til eit menneske? Utvikling er ønska og uunngåeleg, men me treng ei auka bevisstgjering i staden for å sluke alt rått. Teknologi kan løyse mykje, men aldri erstatte det menneskelege. Me treng kvarandre meir enn nokon gong. Men me blir gradvis sløva og lulla inn i ein teknologidraum som kan bli eit mareritt dersom me ikkje er årvakne. Kanskje hadde denne teksten vore både betre og meir feilfri dersom den hadde vore KI-generert. Men den hadde vore verdilaus. Og sjellaus. Eg skriv, altså er eg.

Inga-Cecilie Sørheim

Powered by Labrador CMS