Aslaug Mala og Reidar Berge håpar folk som sit på informasjon rundt støling og sæterdrift i Etne, kan kontakta dei. Foto: Grethe Hopland Ravn
Tidlegare etnebu Reidar Berge står bak boka om stølsdrift i Etne som Etne Sogelag ved leiar Aslaug Mala gir ut.

— Må ta vare på historia rundt støling

Reidar Berge jobbar for å ta vare på lokal støls- og sæterhistoria, men sidan dei fleste stølane i Etne var nedlagde i 1964 er det vanskeleg stoff å jobba med. No frir han til folk som har kjennskap til stølar.

Publisert Sist oppdatert

Reidar Berge er oppvaksen på Enge i Etne, men har budd utanbygds i heile sitt vaksne liv. Den pensjonerte legen har likevel sterke band til heimbygda, og barndomsheimen er i dag blitt feriebustad. For ei tid tilbake kom han over ei landsomfattande undersøking om støling, og i 1934 gjorde Torbjørn Hardeland undersøkinga frå Etne. Det fann Berge svært interessant og tok materialet i nærare augesyn.

— Eg kikka på det og starta å jobba med stoffet. Eg har også hatt ein del andre kjelder og funne ut ein del om den stølshistoria som no byrjar å bli gløymt. Og det er synd, for dette er vår kulturarv, seier han.

86 prosent hadde støl

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS