Lundeneset vil satse på helsefag
– Me har søkt om ein hybridmodell av helse- og oppvekstfag. Det betyr at me ønsker å kombinera det med at elevane går eit treårig løp, og får generell studiekompetanse før eventuell læretid. Hos oss på Lundeneset kan me då kombinera dette med VG3 påbygg og fag frå studiespesialisering, fortel rektor Gustav Løge Fosse i ei pressemelding.
Skulen har søkt om 65 studieplassar, mest for å ha litt slingringsmonn. 20 elevar på kvart trinn er utgangspunktet.
– Ein del av dei faga me allereie har på studiespesialisering er aktuelle som programfag på ein slik modell. Det gjeld blant anna realfag, psykologi og sosiologi. Tilbodet blir på denne måten med og styrkar det totale tilbodet av programfag. Det å få eitt bein til å stå på i studieførebuande retning, vil vera positivt for oss.