Tennisgruppa er dei som veks mest i Etne IL. Her frå ei turnering i Stavanger. Arkivfoto
ArkivfotoFOTO: Privat
Løyver 250.000 til tennisbanar
Dei to tennisbanane i Etne blei bygde i 1993 og har eit stort behov for rehabilitering ifølgje søknaden frå Etne Idrettslag. Dei har no konkrete planar om å totalrenovera tennisanlegget, og prislappen på operasjonen er kalkulert til 1,3 millionar kroner. 250.000 kroner av denne summen håpar idrettslaget vil komma frå Etne kommune.
Tennisgruppa opplever for tida ei auke i interesse for idretten frå folk i alle aldrar. Levetida på eit tennisanlegg er 25 år, og i Etne er tennisbanane snart 30 år gamle. Ifølgje kommunedirektøren ser Etne kommune positivt på tiltak som gir eit rikare fritidstilbod, og kommunen har eit ønskje om å imøtekomma søknaden med 250.000 kroner.