Tre tenorar garanterer julestemning til sitt publikum. Foto: Privat
Tre tenorar garanterer julestemning til sitt publikum.

Lovar julestemning frå scenen

Tre tenorar og éin pianomann går så langt at dei garanterer julestemning når dei går på scenen i Etne.

Publisert Sist oppdatert

Henrik Hudsnes, Aasmund Kaldestad og Hallvar Djupvik er tre profesjonelle tenorar som saman med pianist Steffen Horn har turnert med julekonsertar sidan 2011. Måndag 9. desember kjem dei til Skakke for å ha julekonsert, som dei har kalla; Så ha ei god jul, då.»

I si blanding av alvor og humor tar dei publikum med seg på si ferd gjennom klassiske perler, kjende og kjære julesongar, amerikanske croonerlåtar til sine eigne sjølvskrivne songar.

— Nå skal me få folk i skikkeleg julestemning, og for å understreka den gode stemninga vil me ha ein stor skjerm bak oss for å visa fram koselege bilete som skapar ekstra julestemning, seier Henrik Hundsnes som har røter i Vats.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS