Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lesaren melder

Løp for kreftsjuke barn

Fredag 10. mai deltok heile ungdomsskulen ved Enge skule i skuleløp i Etne sentrum, til inntekt for Barnekreftforeningen.

Team Rynkeby er arrangør for løpa, og stilte med Asbjørn Aarekol og Kjell Ekornrud, som sprang saman med elevane og motiverte dei på dei 900 meter lange rundane. I løpet av den halve timen var mange av elevane oppe i 6–7 rundar, og nokre greidde til og med å kome opp i heile 10 rundar.

Elevane hadde på førehand samla inn sponsorar som no bidreg med kjærkomne pengar til Barnekreftforeningen. Foreninga arbeider for å gjere livet litt lettare for familiar som er ramma av kreft, i tillegg til å støtte forsking.

Powered by Labrador CMS