Administrerande direktør Sindre Matre i Arriva Shipping AS opplyser at Nor Viking» får eit søsterskip i 2026.
FOTO: TOMAS ØSTBERG-JAKOBSEN/KNUT ANDRÉ VIKSHÅLAND
Næringsliv
Lokalt reiarlag har bestilt nytt skip
Ølensvåg-baserte Arriva Shipping har bestilt eit nytt tørrlasteskip, som blir det tiande i flåten til reiarlaget.
Arriva Shipping AS frå Ølensvåg styrkar flåten sin med eit nytt tørrlasteskip, som skal leverast i 2026.
— Denne bestillinga er del av vår satsing på å modernisere flåten og redusere karbonavtrykket, seier administrerande direktør og partnar Sindre Matre i ei pressemelding.
Snart ti skip
Skipet, med byggnummer SH008, vil bli produsert av det kinesiske verftet Jiangsu SOHO Marine Heavy Industry Co., Ltd. og skal inngå i selskapet si langsiktige satsing på grøn skipsfart Nybygget blir eit søsterskip til MS Nor Viking», som blei levert høsten 2022, og SH007, som leveres i desember 2025. Dei to skipa bli høvesvis det niande og tiande skipet i flåten.
Batterihybrid
Skipet får ein lastekapasitet på 8.000 tonn og eit 2 MW batterihybridsystem. Dette vil bidra til å redusere både energibruk og utslepp, i tillegg til å møte strenge miljøkrav og kundenes behov for berekraftige logistikktenester. Norsk og europeisk kompetanse står bak viktige delar av prosjektet, inkludert design og hybridløysingar, noko som styrkar verdikjeda regionalt.
Denne bestillinga stadfestar Arriva Shipping si rolle som ein leiande aktør innan berekraftig maritim transport, heiter det i pressemedlinga.
Selskapet si flåte omfattar per i dag åtte sjølvlossande tørrlasteskip som hovudsakleg opererer i Nord-Europa.