Slik såg gründerane for seg anlegget i Ølen Næringspark på Nerheim i 2021. Illustrasjon: Biovind AS
Lokalt engasjement endra biogassprosess
— Vår vurdering har fram til nyleg vore å anbefale å gå rett på byggesak, men etter engasjementet som kom, har me anbefalt å gjere ei planendring, sa einingsleiar Thomas Vestbø for areal og forvaltning i eit formannskapsmøte tysdag.
Han merkar seg at kommunen har fleire plansaker med høgt konfliktnivå for tida, og ønskjer at prosessane skal vere mest mogleg ryddige.
Biovind tok rådet til følgje og sette i gang ein prosess for å få løyve etter plan- og bygningslova. Denne prosessen handlar om arealbruk og blir behandla av kommunen.