LO-nestleiar Steinar Krogstad åtvarar mot å røre ytingane i sjukelønna. Alle kutt vil bli møtte med beinharde tariffkrav, lover han.
Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
LO varslar knallhard tariffkamp viss det blir kutta i sjukelønna
LO åtvarar dei som leflar med tanken på å kutte i sjukelønna. Reduserte ytingar vil bli møtte med knallharde krav i første moglege tariffoppgjer.
– Vi kjem til å krevje tariffesting av at arbeidsgivaren betaler ut full sjukelønn frå første dag. Og at det er dei som får ansvaret for å søkje refusjon frå Nav, seier nestleiar Steinar Krogstad i LO til NTB.
Det byrjar å dra seg til i forhandlingane om ein ny avtale for eit inkluderande arbeidsliv – betre kjent som IA-avtalen. Partane møttest igjen torsdag og tek no fatt på sluttspurten i arbeidet med å få meisla ut ein avtale som kan bidra til å få ned sjukefråværet i norsk arbeidsliv.