Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik, riksmeklar Mats Ruland og NHO-direktør Ole Erik Almlid møtte pressa måndag formiddag før meklinga starta. No har LO og NHO komme til semje. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik, riksmeklar Mats Ruland og NHO-direktør Ole Erik Almlid møtte pressa måndag formiddag før meklinga starta. No har LO og NHO komme til semje.

LO: Semje i lønnsoppgjeret

Publisert Sist oppdatert

NHO er samde med LO og YS om ein samla lønnsvekst på 4,4 prosent i oppgjeret i frontfaget. Det blir gitt fem kroner i generelt timetillegg til alle.

– Vi er samde om eit resultat som sikrar god vekst i kjøpekrafta for LOs medlemmer og mest til dei lågtlønte. Det har vore viktig for oss og det oppnår vi med dette lønnsoppgjeret. Med dette oppgjeret tek partane ansvar i krevjande tider og blir samde om eit godt resultat, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik i ei pressemelding.

Ramma på oppgjeret mellom NHO og LO og YS er på 4,4 prosent. Det utgjer ein reallønnsvekst på 1,7 prosent, basert på ein prisvekst på 2,7 prosent, som er Det tekniske berekningsutvalets (TBU) anslag.

Powered by Labrador CMS