Journalist Grethe Hopland Ravn
Grethe Hopland Ravn.

På tampen

Litt meir Pølsa, takk

Det har allereie gått nokre veker sidan verdsmeisterskapen i Granåsen. Det som framleis sit igjen i hjarta mitt er ikkje nødvendigvis kven som kom først over målstreken, men kven som fekk dei aller største jubelropa: Team Pølsa! Midt i alt som glinsa av medaljar og prestasjonar, stod seks heilt vanlege – og samtidig heilt ekstraordinære – menneske og lyste opp heile meisterskapen med sitt nærvær, sitt mot og sitt varme samspel. Eit lag som ikkje berre handla om tid og teknikk, men om noko mykje større: samhald, tryggleik og uvilkårleg støtte. Eit lag som viste oss kva ekte menneskeverd faktisk betyr.

TV-serien Team Pølsa blei ei oppleving mange av oss vil bera med oss lenge. Det var ei reise som var så rørande at ein risikerte å bli sendt rett ut i emosjonell ubalanse. Me fekk føla på ei heilt spesiell blanding av glede, sårbarheit og den djupe erkjenninga av kva det vil seia å høyra til. Serien gjekk rett i hjarta! Tenk om heile Noreg kunne levd etter mottoet til Team Pølsa – dei enkle, men kraftfulle orda som dei stadig minna oss om: Du kan! Du klarar! Du er verdifull! Du betyr noko! Du er viktig for andre!

Kvar og ein av deltakarane i laget sette sitt avtrykk, ikkje berre med det dei gjorde, men med det dei sa – og måten dei bar seg sjølve på. Syver sa det så klokt: Du treng ikkje vera best, men du må aldri gi deg.» Og med dei orda minna han oss på noko me alle treng å hugsa: at motbakkane kjem, men me må halda ut – for det er ikkje alltid dei som kjem først som vinn mest.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS