Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) møter tysdag Tine og Nortura for å diskutere mangelen på mjølk og egg i norske butikkar. Foto Terje Pedersen / NTB / NPK
Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) møter tysdag Tine og Nortura for å diskutere mangelen på mjølk og egg i norske butikkar. Foto Terje Pedersen / NTB / NPK

Lite fornøgd matminister møter Tine og Nortura tysdag

Publisert Sist oppdatert
Etter mange nyheiter om svikt i forsyninga av norske egg og poteter og meldinga om at Tine må spe ut mjølkeprodukt med utanlandsk tørrmjølk, har landbruksministeren kalla inn produsentane til møte.

– Det finst mjølk, og det finst egg, men eg er lite fornøgd med situasjonen. Tine har ikkje gjort jobben sin godt nok, slår Pollestad fast.

Statsråden ser at det vil vere ein diskusjon om kva som har gått gale i produksjonen, men vil ikkje kalle det noka krise. Han meiner situasjonen som har oppstått, ikkje opnar for å snu opp ned på systemet i matforsyninga, men seier ein må finne ut av kva som må gjerast for å komme tilbake til ein normalsituasjon.

Varslingsplikt

– Eg har forståing for at nokon vil nytte eit slikt høve til å gjere noko, men eg er oppteken av at Tine skal halde fram som i dag, seier Pollestad.

Q-meieriene har i fleire månader protestert mot kuttet i tilskot på 50 millionar kroner til meieria utanfor Tine. Måndag sende dei eit brev til landbruksministeren der dei kritiserte Tine for å ha opplyst om mjølkeunderskotet for seint og bad Pollestad om å skilje reguleringsselskapet Norsk Melkeråvare heilt ut av Tine, skriv E24.

Pollestad opplyser til NTB at han sjølv fekk vite om mjølkeunderskotet i Tine på 1 prosent, i desember.

Q-meieriene seier dei kunne ha produsert meir mjølk dersom dei hadde visst om problema i Tine, og meiner selskapet har brote informasjonsplikta.

Svikt i marknaden

Høgre kritiserte måndag regjeringa og sa at svikten i leveringa av norske landbruksvarer vitnar om ein jordbrukspolitikk som ikkje verkar. Landbrukspolitisk talsperson for partiet Lene Westgaard-Halle sa til VG at politikken vitna om den same som på 1950-talet.

Pollestad tilbakeviser kritikken. Han forklarer mangelen på norske egg mellom anna med at ei svak krone i haust i kombinasjon med fall i europeisk eggproduksjon på grunn av salmonellautbrot førte til ein uvanleg høg etterspurnad etter norske egg frå næringsmiddelindustrien. Dermed blir det fortare utselt for egg i norske butikkar enn vanleg.

– I utgangspunktet har vi overskot av norske egg, seier Pollestad.

I 2022 betalte staten 13 norske eggprodusentar for å leggje ned produksjonen. Bondeorganisasjonane bad då om ei strengare regulering, men regjeringa valde å setje ned tollen på utanlandske egg for at matindustrien skulle importere egg og eggpulver frå utlandet.

Ambisiøse mål om sjølvforsyning

Svikten i leveransane av basisvarer i det norske hushaldet har gitt nytt liv til diskusjonen om den svake norske sjølvforsyninga.

Noreg har i dag ei sjølvforsyningsgrad på snautt 40 prosent. Regjeringa har sett i gang eit program som skal auke sjølvforsyninga til 50 prosent.

– Dette er eit ambisiøst mål når vi tenkjer på at folk et det dei vil, men å gå frå 40 til 50 prosent sjølvforsyning er eit ganske stort løft som eg håpar vi kan få til saman, seier Pollestad.

Powered by Labrador CMS