Leverer handlaga turbinar over heile landet
Heime i Kvaløy har Martin Richard Vanvik (80) i mange år produsert vassturbinar til små kraftverk. I dag er hans heimelaga peltonturbinar å finna i minikraftverk over heile landet og framleis har han eit par ordrar på oppdragslista.
I verkstaden på Kvaløy står eit av Martin Richard Vanvik sitt siste prosjekt. Ein peltonturbin som snart skal omdanna rennande vatn til rein energi. For den oppfinnsame turbinbyggjaren er dette eit av hans siste prosjekt så langt, og føyer seg inn i ei lang rekkje turbinar han har laga for eiga hand.
— Eg har laga rundt 150 peltonturbinar, seier Martin Richard Vanvik som for alvor tok fatt på turbinbygginga då han gjekk av med pensjon.
Talet på turbinar han produserer i året varierer, men han har ennå ikkje opplevd å ha ei tom oppdragsliste. Topp kvalitet på arbeid og materialval har gjort turbinmakaran frå Kvaløy til ein ettertrakta leverandør, og folk frå heile landet tek kontakt for å sikra seg eit handlaga kvalitetsprodukt med særs lang levetid.
— På det meste klarte eg ti på eitt år, men i fjor laga eg berre to. Kundane er nøgde og bestillingane kjem inn utan at eg har drive reklame, seier han.
Dei ettertrakta turbinane sel han til kundar over heile landet, frå Alta i nord til Lindesnes i sør.
— Den første laga eg til eit kraftverk på Forsand, så eit i Suldal og så ringde dei frå Alta. Eg har levert til Valdres, Sogn og Møre, og til lokale kundar, seier Vanvik som også har forsynt den lokale energiprodusenten Kambo Energi i Etne med fleire turbinar.
— Eg har laga tre til Egil Kambo, og så skal eg laga ein til, seier 80-åringen.
Arbeidserfaring
Vanvik har jobba med vasskraft heile sitt yrkesaktive liv og starta si yrkeskarriere på Tokke
kraftverk i Telemark. Her blei han tilsett som kranførar i 1963, men det skulle snart visa seg at han var meir interessert i det som skjulte seg inne i anlegget enn å operera krana.
— Eg fekk vera hjelpemontør, seier Vanvik.
Etter eitt års tid gjekk vegen vidare til Røldal-Suldal kraftanlegg på Nesflaten før han sette kursen austover og fekk seg jobb ved Kværner i Oslo der han var i 13 år. Her kombinerte han arbeid med studie på Lillestrøm og sikra seg fagbrev som mekanikar. Ein tur innom Ullaførre anlegget i Kvildal og Hylen blei det også, før han i 1981 fekk Statkraft som arbeidsgjevar.
— Eg var i 27 år i Statkraft på drift, med vaktordningar på ulike stasjonar, seier han.
Oppfinnar
Sjølv om han har mekanikarutdanning i bagasjen er det meste av arbeidet med turbinane sjølvlært. Og det manglar ikkje på smarte løysingar og presisjonsarbeid når oppfinnaren frå Kvaløy set seg ned ved arbeidsbenken.
Dei skålforma skovlene i turbinhjulet får han støypt i rustfritt stål i Sverige, etter former han sjølv har laga. Med stor nøyaktigheit sveisar han så fast skovlene til ei stålskive før heile hjulet til slutt blir sveisa fast på ein tilpassa stålaksling som han har frest ut i dreiebenken. Også reguleringsventilane og dysene som sprøytar vatnet inn mot skovlene lagar han sjølv, alt av rustfritt stål i beste kvalitet.
At Vanvik er ein meister med sveisesapparatet kjem godt til syne i alt han lagar. Sveisearbeidet er så nøye utført at det er heilt umogleg å oppdaga ein einaste skøyt. Og når skøytane i tillegg får ein omgang med pusseapparatet blir dei fullstendig usynlege.
Solid utstyr
Alt arbeid føregår inne i verkstaden heime på garden som han bygde i 1995. Her har han plass til det meste av utstyr som trengst til turbinproduksjonen. Lengst bak i rommet står ein kraftig dreiebenk klar til å fresa ut ståldelar og den gamle søyleboremaskina ordnar det meste når det kjem til boring.
— Eg kjøpte dreiebenken under ein auksjon på yrkesskulen i Sauda for 20 år sidan. Den er produsert i Tyskland i 1958. Det er kona mi Ellen som er sjef for dreiebenken. Ho har hatt mange timar her, seier han og viser fram den store benken som verkar like godt i dag som då den var ny.
Småkraftverk
Turbinane Vanvik lagar er tilpassa mindre kraftverk og har ein effekt på opptil 355 kW. Dei solide turbinane er nesten evigvarande og kan sviva i svært lang tid dersom vatnet som renn inn er reint og fritt for sand eller småpartiklar.
— Levetida kan vera fleire hundre år på ein turbin, seier Vanvik.
I tillegg til turbinar for minikraftverk har Vanvik produsert små berbare turbinar som når dei koplast til ein vass-slange gir nok straum tilsvarande ei solcelle.
— Eg laga hytteturbinar til bildynamo. Eg selde litt, men det er mange år sidan nå, seier han.