Ole Magnus Helgevold er gjest i Grannar-podden
poddenFOTO: Grethe Hopland Ravn
Grannar-podden
Lever i mørket – ser lyst på livet
Dagens gjest i Grannar-podden er Ole Magnus Helgevold frå Sandeid, og han var ein smule spent då han møtte opp i studio for å ta ein prat med underteikna.
— Kjekt å sjå deg. Det var godt me kunne starta litt tidleg, for eg var litt smånervøs og sat berre på plassen min å stirra i taket, seier han spøkefullt då me møttest i ABC-studio før opptak.
Det er slik han er. Full av humor og humør, og det er ikkje vanskeleg å få samtalen til å flyta godt når ein pratar med Ole Magnus. Det er likevel ikkje alltid han har til hensikt å vera humoristisk når han seier kjekt å sjå deg» til folk. Det er jo det folk seier til kvarandre når dei treffest, og det har vore naturleg for Ole Magnus å seie det same.