Terje Halleland (Frp) meiner ein prøveordning med tungbil-kolonner over Haukeli må vere i gang frå hausten av. Arkivfoto
E134 Bakka-Solheim
Langar ut mot eiget parti sin NTP-avtale: — Eg føler meg dolka i ryggen
– Eg føler meg litt dolka i ryggen, seier stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).
Ølensbuen, som har vore ein ivrig forkjempar for ny E134 Bakka-Solheim i mange år, fortel at han ikkje kjende til det han omtalar som ein uheldig avtale. Han seier at den ikkje er forankra i stortingsgruppa, noko han kjem til å følgje opp. Informasjonen om avtalen fekk han gjennom media.
– Det som har skjedd er veldig uheldig, seier Halleland.