Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Berre til bruk i denne saka. NTB
Landbruksmaskiner er ei stor investering, og det er oppretta ein nettstad for å leige ut reiskapar og maskiner.

Landbruksmaskiner på deling

Publisert Sist oppdatert
Landbruksformidling.no gir bønder og maskinforhandlarar høve til å leige utstyr, og leige ut utstyr ein sjølv ikkje brukar, skriv avisa Nationen.

– Som klimabevisste odelsgutar ser vi på deling som avgjerande for effektiv ressursutnytting. Det er viktig for samfunnet generelt, og for landbruket spesielt, at vi deler på dei ressursane vi har, seier dagleg leiar i Landbruksformidling, Ole Erik Lunder til avisa.

Han meiner dette også vil gi positive ringverknader for bonden, enten ved å tene litt pengar på utstyret ein allereie har eller om ein slepp å kjøpe dyrt utstyr.

– Kor vellykka dette blir, er i stor grad avhengig av bøndene. Vi er ein tilretteleggjar for deling i landbruket, men vi er ikkje ein maskinforhandlar. Vi er avhengig av at bønder er villige til å dele på utstyret og leige. Vi skal leggje til rette for at det er trygt og sikkert å leige ut, seier Lunder.

Powered by Labrador CMS