Trond Ponce i Fotofjosen tilbyr julepapir med personleg motiv.
Foto: Privat
Lagar personleg gåvepapir
— Dette er heilt nytt. Me har julepapir som er skreddersydd til den enkelte kunde. Me kan ta bildene for kunden, eller lage julepapir med bilder dei har tatt sjølv. Me printar på både kvitt papir og gråpapir, seier Trond Ponce i Fotofjosen på Bjoa.
Håpar på suksess
Gåvepapir er kjøpt inn og den største printeren er klargjort for oppdrag. Om forretningsideen med skreddarsydd julepapir blir ein suksess vil tida vise.