Lagar historisk film av geitedrift
Går ein 100 år tilbake i tid, kjem ein inn i tidsepoken der leige av geiter til osteproduksjon, byrja å bli utbreitt. Einride Aakra er ein av dei som hugsar godt geitegjeting på stølen, og no vil to eldsjeler dokumentera historia på film.
Å leiga normanngeiter gjennom sommarmånadane, og driva dei gjennom lange distansar for å komma til setra, var ein geskjeft som mange bønder starta opp med på 1900-talet. Også morfaren til Einride Aakra i Etne gjorde dette, og han var tidleg ute og starta allereie i 1897.
— Torjus Vågslid var namnet på morfaren min, og han reiste til Åkrafjorden for å leiga 30 geiter i 1897. Det var då det heile starta opp, og det var først på starten av 1900-talet at geitosten blei ei salsvare. Fram til då hadde det berre vore produksjon til eige bruk, seier Einride Aakra.
Brunost