Fra venstre : Alf Otto Gordon, sykepleiarstudent Julie EdvardsenAmraoui og Knut Lillemo. Stående bak fra venstre: Avdelingsleiar BenteMarkhus Åsheim og fra Ølen Sanitetslag Anne-Britt Gregersen.
Foto: Privat
Laga fastelavnris på omsorgssenteret
Etter fleire år med laber aktivitet er det igjen full fart i Ølen Sanitetslag. Medlemslista har nesten dobla seg etter nyttår med 42 nye medlemmer på to månader, og laget tel i dag 85 kvinner og menn i alderen 28 til 94 år. Ei rekkje ulike arrangement har fått plass på kelanderen framover og laget har planar om å skipa til både basar og julemesse i løpet av året. Det tradisjonsrike fastelavnsriset står igjen på programmet og den siste tida før fastelavnsundag har dei jobba iherdig med å binda fargerike fjør til bjørkekvister for å samla inn pengar til sentrale og lokale tiltak.
Tre laurdagar har dei aktive kvinnene stått på stand på Ølen Senter, og sist laurdag tok dei turen til Ølen Torg for å selja dei fargerike risa samstundes som dei fekk høve til å reklamera litt for laget.
— Me selde ein del og me fekk snakka med masse folk om saniteten, seier leiar i Ølen Sanitetslag, Anne Tone Salte Andersen og er glad for den kraftige auken i medlemstalet.