Barnevernsleiar Turid Askeland og inspektør ved Ølen skule Georg Opsal hadde ansvar for det faglege innhaldet på fagettermiddagen.
FOTO: NILS ERIK EIDE/VINDAFJORD KOMMUNE
Lærte om handtering av utfordrande situasjonar
Kurs i teknikkar og teori for å møte barn og unge med utagerande åtferd blei halde tysdag ettermiddag for over 90 fagarbeidarar og assistentar i Vindafjord kommune.
— Lovverket er veldig strengt her. Fokuset var korleis ein kan halda seg innafor lova. Det blei vist teknikkar ein kan bruka for å verga seg sjølv og andre, seier Anita Jørstad Grindheim, som er barnehage- og skulesjef i Vindafjord kommune.
Minikurset blei holdt av Georg Opsal som er inspektør ved Ølen skule.