Emma Bjelland Ingebrigtsen er ny skribent for Grannar. Foto: Rina AspmoGrannar-skribent Emma Bjelland Ingebrigtsen, får utmerking av Nobels Fredssenter. Foto: Rina Aspmo
Emma Bjelland Ingebrigtsen.

På tampen

La folk vere folk!

For ei stund sidan gjekk eg rundt i fleire timar med ein klump i magen. Eg var saman med ei god venninne, men stemninga var amper. Ho var stille, verka irritabel og svarte kort då eg prøvde å småprate. Eg starta raskt med å leite etter feil i meg sjølv. Hadde eg sagt noko dumt? Var eg for krevjande? Hadde eg gjort noko som hadde såra ho utan at eg merka det?

Seinare den dagen nemnde ho at ho hadde hatt ein tøff dag på jobb, og at ho hadde vore i ein konflikt med ein kollega som framleis prega ho. Det hadde rett og slett ingenting med meg å gjere. Eg hugsar kor letta eg vart – og kor tydeleg det vart for meg at vi menneske ofte er raske med å tru at andre sine kjensler er vårt ansvar.

Nokre gonger vil vi så gjerne forstå, forklare eller ta ansvar for andre sitt humør. Vi spør oss sjølve: Har eg gjort noko gale? Burde eg ha sagt eller gjort noko annleis? Kva må eg gjere for å fikse det og få dei til å smile igjen? Kjenner du deg igjen?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS