Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Nærskipsfarten vil ha same vilkår som fiskeflåten. Foto: Jan Kåre Ness / NTB / NPK
Nærskipsfarten vil ha same vilkår som fiskeflåten.

Kystrederiene vil ha slutt på dobbel klimaavgift»

Publisert Sist oppdatert

Kystrederiene krev same behandling som fiskeflåten når det gjeld CO₂-avgift, og meiner den norske nærskipsfarten blir urettferdig behandla samanlikna med utanlandske konkurrentar.

Regjeringa sette CO₂-avgifta på fiskeflåten på pause i sommar etter at norske båtar byrja å fylle drivstoff i utlandet for å unngå avgifta, noko som auka utsleppa i staden for å redusere dei. No må nærskipsfarten betale både norsk CO₂-avgift og kjøpe utsleppskvotar gjennom EUs kvotesystem, det som blir kalla dobbel klimaavgift», skriv NRK.

Karsten Sprenger i Kystrederiene seier at Noreg er åleine om å kombinere begge systema, medan andre europeiske land berre brukar eitt av dei. I dag er rundt 65 prosent av skipa i norske farvatn utanlandske, og forskjellen aukar.

Powered by Labrador CMS