Preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit, meiner enkelte brukar religiøs retorikk for å forsvare terror eller krigføring. Foto: David Engmo / NTB / NPK
Preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit, meiner enkelte brukar religiøs retorikk for å forsvare terror eller krigføring.

Kyrkjetopp ut mot misbruk av religion»

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB – Nokon bruker religiøs retorikk for å forsvare Hamas» terror eller Israels krigføring. Det er misbruk av religion, seier preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

Sidan 7. oktober er nærare 20.000 menneske drepne i Gaza, Israel og på den okkuperte Vestbreidda. Den norske kyrkjas leiande biskop, Olav Fykse Tveit, er opprørt over det høge talet på drap dei siste månadene.

– Vi kan ikkje venne oss til at tusenvis av barn og vaksne blir drepne og blir skadde, seier Fykse Tveit til nettstaden kirken.no

– Nokon brukar religiøs retorikk for å forsvare Hamas» terror eller Israels krigføring. Det gjer situasjonen endå farlegare. Dette er misbruk av religionane våre. Fredsbodskapen i Bibelen gjeld alle menneske, seier han.

Internasjonal direktør i Den norske kyrkja, Einar Tjelle, påpeikar at krigen også påverkar oss i Noreg.

– Norske jødar melder om aukande trakassering og antisemittisme. Andre melder om auka muslimhets. Det er totalt uakseptabelt, seier han.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS