På tampen
Kva var det eg sa!»
Det er alltid heilt kaos når du er på kjøkkenet, Emma. Du kan jo ikkje å lage mat» blei eg ofte fortalt då eg var yngre. Eg trur ikkje personen som sa det nødvendigvis meinte noko vondt med det, men den kommentaren saman med mange andre opp igjennom har gjort at eg lenge har tenkt at eg ikkje har noko på eit kjøkken å gjere og at det er noko eg aldri kjem til å meistre.
Mange av oss har slike sanningar som vi har blitt fortalt gjennom oppveksten og som vi fortset å fortelje oss sjølve. Du har jo aldri vore så god sosialt, og det å få venar har du ikkje heilt fått til.» Du har jo sidan du var ei lita jente alltid vore så treig og lat.» Du har jo alltid vore ein problemgut som alltid ender opp i trøbbel, du.» Kva har du blitt fortalt opp igjennom som du fortset å fortelje deg sjølv? Kva historier fortel du om deg sjølv til deg sjølv? Kva har blitt sanningane dine, og kva leiter du etter bevis på i livet ditt?
Fyrste gongen eg sat meg ned og skreiv alle desse utsegna eg både har høyrt og fortalt meg sjølv opp gjennom, fekk eg nesten litt sjokk. Eg har til dømes i mange år fortalt meg sjølv at det å ha venner over lengre tid er noko eg ikkje meistrar, som og har gjort at eg har hatt den innstillinga når eg har fått nye vener. Eg har bestemt meg på forhånd at det ikkje kjem til å vare, for det er noko eg ikkje får til. Difor har eg i alle år leita etter bevis på at det er sanninga. Kva var det eg sa!» kunne eg tenke når eg nok ein gong ikkje fekk det til. Ein sjølvoppfyllande profeti med andre ord – når forventningane til oss sjølve eller andre medverkar til at vi endrar oss i retning til den forventninga.
Både oppvekst, miljø og utsegn du har høyrt opp igjennom påverkar korleis vi ser oss sjølv og andre. Men det du har erfart i livet ditt til nå ikkje treng å definere den du skal vere framtida. Når vi lærer om forhistoria vår kan vi få ny forståing for kvifor vi er som vi er og kvifor vi gjer som gjer – og deretter velje å bane vår eigen nye veg. Sjå etter bevis på alt du meistrar og alt du får til, og sjølv om du kanskje ikkje meistrar det i dag betyr det ikkje at det for alltid er noko du ikkje kjem til å få til. For kva om sanninga om deg sjølv faktisk startar med deg og kva du fortel deg sjølv?
Emma Bjelland Ingebrigtsen