Inga-Cecilie Sørheim.
Foto: Privat
På tampen
Kunsten å slappe av
O jul med di glede, kva passar vel betre no i innspurten av førjulsstria enn ein avslappande tekst? Å slappe av høyrest kanskje lett ut, men for mange er det faktisk ganske vanskeleg. Særleg no i desember, når heile storfamilien sine forpliktingar og forventningar kulminerer i kaotisk ambivalens av kos og stress. Jula er ei lupe som forstørrar livets små og store utfordringar. Er du stressa og sliten frå før, blir du endå meir stressa og sliten i desember.
Blir me stadig meir stressa og slitne, alle saman? Det er ikkje fordi me har vaska golv og børi ved. Samfunnet er så hektisk, effektivt og tettpakka med innhald at me kjenner oss psykososialt overbelasta og mentalt utmatta av å heile tida vere på. Det digitale livet invaderer og overveldar oss med inntrykk og varslingar nonstop, og kravet om å vere tilgjengeleg held oss kronisk aktiverte. Når slappar hjernen eigentleg av?
Samstundes som det nærmast er status å vere stressa, har me urealistiske forventningar til kva me skal orke og rekke over. Stadig fleire kjem trøytte og slitne til legekontoret og trur dei er sjuke, men eigentleg er dei berre overvelda av livet. Alle vil ta blodprøvar og finne ut kva som er gale, men oftast finn ein ingen feil. Tvert imot er det heilt naturleg å bli mentalt sliten og stressa i hovudet av måten me lever på. Medisinen er å normalisere det behovet me alle har for å lade batteria innimellom slaga.