Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
På tampen
Kunsten å lytte
Emma, eg har tenkt på ein ting… Eg følar at kvar gong eg tek ordet eller pratar så avbryt du meg kvar gong. Og ofte når eg seier noko om meg sjølv kan du plutseleg ta ordet og fortelje om noko liknande som har skjedd deg sjølv. Ja, skal eg vere ærleg med deg så synes eg faktisk at du er ein ekstremt dårleg lyttar!» Det sa ei av mine beste venninner til meg for to år sidan. Eg hugsar eg vart heilt satt ut. Først tenkte eg For ein dårleg ven som seier noko slikt!» Deretter tenkte eg Meg av alle? Eg er jo i alle fall ein god lyttar!»
Tida gjekk og eg tenkte veldig mykje på det venninna mi hadde fortald meg. Eg byrja å leggje merke til meg sjølv i samtalar med andre. Og eg fann jo til slutt ut at venninna mi eigentleg hadde heilt rett. Eg var verkeleg ikkje god på å lytte. Derfrå starta mi lytte-reise. For kva vil det eigentleg seie å vere ein god lyttar?
Vi har to typar lytting – indre og aktiv lytting. Eg fann fort ut av at eg har drive med indre lytting mesteparten av livet mitt. Eg har teke utgangspunkt i meg sjølv og eigne behov framfor personen eg faktisk har prata med. Når nokon andre har snakka har eg berre venta på at det er min tur slik at eg kan fortelje noko om meg sjølv og eigne erfaringar, i staden for å faktisk lytte til det personen har å seie.