Svein Fatland ved Fatland slakteri i Ølen merkar redusert tilgang på lam, svin og storfe.
Irene Mæland Haraldsen
Kunne selt mykje meir
— Det går meir enn nokon gong. Det
går mest ribbe, men også pinnekjøtet har auka. Før selde me mest pinnekjøt på
Vestlandet, men nå sel me over heile landet. Det har tatt seg opp dei siste 15
til 20 åra, seier dagleg leiar ved Fatland slakteri Ølen, Svein Fatland.
Til saman 900 tonn pinnekjøt
har funne vegen ut til kundar over heile landet denne hausten og berre i
desember har det blitt frakta 40 tonn ribbe ut frå slakteriet i Ølen kvar
einaste dag. Ribba skjer og pakkar dei ved anlegget i Ølen, medan pinnekjøtet
blir laga ved slakterikonsernet sine avdelingar på Voss, Jæren og Oppdal.
I butikklokalet ved
slakteriet i Ølen er det skålande tomt for både ribbe og pinnekjøt, og det står
ikkje så mykje betre til ved dei andre avdelingane i slakterikonsernet.