Lisa Marie Ness Klungland (Sp).
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Kunne ikkje akseptera energipakken
I ein kommentar til saka skriv stortingsrepresentanten frå Sp, Lisa Marie Ness Klungland frå Ølen at Senterpartiet ikkje kan akseptera at Noreg skal innlemmast i ein energipakken dei meiner ikkje tener norske interesser.
— I Noreg i dag har me eit straumsystem som ikkje tener det norske folk eller næringslivet. Me må ha kontroll over straumen og krafta, der målet er låge og stabile straumprisar. Å innlemma fjerde energipakke i norsk lov vil bidra til det motsette. Det kan ikkje Senterpartiet akseptera. Det ville ikkje Ap møta oss på og me måtte då forlata regjeringssamarbeidet. Det var Ap som saman med FrP, Høgre og Venstre tok Noreg inn i ACER og 3. energipakke, skriv Ness Klungland som ønskjer å jobba for å sikra lågare og stabile straumprisar framover.