Krev fjell frå Sauda
Etne kommune krev tilbake 660.000 kvadratmeter fjell som dei meiner Sauda kommune har fått på urettmessigt vis. Grensetvisten kan i ytste konsekvens hamne på bordet til Kongen i statsråd.
Du har kanskje høyrt at nokon meiner at Noreg bør få tilbake Jämtland, eit svensk landområde ved grensa mot Noreg som Danmark-Noreg vart tvungen til å gi frå seg i samband med ein fredsavtale i 1645? Det snart 400 år gamle kravet» om tilbakeføring har førebels runne ut i sanden.
Kommunar og fylke
Ikkje fullt så mange år har det versert ei liknande problemstilling i Etnefjella. Mellom nabokommunane Etne og Sauda, og dermed også mellom Rogaland og Vestland fylke. Her handlar det rett nok ikkje om at Erling Skakke eller andre maktmenn frå Etne har gitt frå seg land for å fred med naboen i søraust. Men at 660.000 kvadratmeter Etne-fjell ved eit pennestrok, eller liknande, vart gjort til Sauda-land.
Eg vart litt forbausa. Eg trudde denne saka var avklart for lenge sida
Feilen oppstod truleg på eit skrivebord i 1988. Og mest sannsynleg som ein rein glipp av ein byråkratisk art. Like fullt har feilen ført til at grensene mellom kommunane, som hadde lege fast sidan 1875, og seinast stadfesta i ei sak i Sauda i 1927, vart flytta frå austsida til vestsida av Reinsnosvatnet i Nordre Bjønndalen. Etne kommune og Vestland fylke krympa dermed med 660 mål. Sauda kommune og Rogaland fylke vart tilsvarande større.
Oppdaga feilen
Det var ein av grunneigarane i området, Reidar Berge, utflytta og Voss-busett etnebu, som først oppdaga at kartet ikkje stemte med terrenget. Grannar skreiv om saka sist i 2017. Den gongen vart saka tilsynelatande landa med at saudabuane skulle få behalde landet dei korkje hadde krav på, eller hadde gjort krav på. Det skjedde etter at Statens Kartverk konkluderte med at den einaste måten å få retta opp i feilen var å sende folk ut for å finne att gamle grensemerke. Den jobben måtte i så fall Fylkesmannen ta.
Dette var noko Fylkesmannen ikkje fann grunn til å bruke tida si på. Fylkesmannen brukte derimot ressursar på å leite fram ei jordskiftesak som var matrikkelført i 2010, kor den feiltrekte grensa vart lagt til grunn. Kartverket la også til grunn at dette måtte vere godt nok, sjølv om feilen altså ikkje vart retta.
Også Reidar Berge slo seg til ro med dette.
Forbausa utvalsleiar
Men så har det skjedd noko i korridorane på Etne tinghus. For i siste møte i det politiske forvaltningsutvalet kom problemstillina opp att, som første sak i møtet. Og med innstilling frå kommunedirektøren om at Etne må krevje dei 660 måla med fjell og vatn tilbake frå Sauda.
— Eg vart litt forbausa. Eg trudde denne saka var avklart for lenge sida, fortel Andreas Aune (Sp) som er leiar i utvalet.
Det var ingen stor diskusjon om saka og ingen nevar vart hytta med i møte, men kravet om tilbakeføring av både fjell og vatn vart samrøysta vedtatt. Også utvalsleiaren meiner det er kurant å krevje 660 mål fjell og vatn til Etne, sjølv om han ikkje kan sjå at det har stå veldig stor praktisk betydning for nokon.
— Men rett skal vere rett. Det må gå an å rette opp i noko som er blitt feil, meiner han.
Grannar slo på tråden til Reidar Berge for høyre om det er han som har trekt i trådane på nytt.
— Eg hadde jo samla ein del dokumentasjon som eg sende til kommunen, så spurde eg vel ein gong om dei ville gjere noko med saka, fortel Berge.
Gamle kart
Dokumentasjonen Berge viser til er mellom anna kart heilt tilbake frå 1800-talet. Han er nøgd med at innsatsen han har lagt ned ser ut til å kunne bere frukter. Dette sjølv om det reint praktisk ikkje har så mye å seie. For sauebeitet, som området blir brukt til, går upåverka av kommune- og fylkesgrensa. Og vassdraget i området er verna, så det er noko minimalt med kroner og øre å hente ut frå det.
Etne kommune vil no sende saka til Sauda kommune, slik at nabokommunen får høve til å stadfesta at grensefastsetjinga frå 1875/1927 er den korrekte. Deretter må kommunestyra i både Etne og Sauda gjere vedtak om at den same grenseskildringa skal vere gjeldande, og deretter er det Vestland fylke og Rogaland fylke som må seie sitt.
Til slutt er det Kommunal- og Moderniseringsdepartementet som avgjer saka i samsvar med inndelingslova – eventuelt Kongen i Statsråd om departementet si avgjerd blir klaga på.