Kreative kakelaging gav julestemning
I vindauget i det tidlegare banklokalet i Skånevik står ein flott peparkakeby og spreier juleglede til alle som ruslar forbi. Fantasifulle bygningar, fullasta tog, gravemaskinar, høge spir og eventyrhus har fått plass mellom etande julepynt og rikt dekorerte juletre. Og øvst i vindauget heng eit fargerikt skilt med teksten: alt blir bra». Alt laga av ferdigsteikt peparkakedeig og signert små og store skåneviksbuar.
— Me har fått inn rundt 30 peparkakeprosjekt. Me er kjempeglade for at så mange har levert inn og bidrege til å skapa julestemning i gata, seier Marita Sydnes og Irmelin Molnes frå Skånevik, som for andre året på rad har tatt initiativ til peparkakebyen i heimbygda.
Peparkakebyen blei sett opp i slutten av november og har sidan gleda alle som passer forbi utstillinga midt i sentrum.