Figur som viser talet på sosialhjelpsmotakarar. SSB
Figur som viser talet på sosialhjelpsmotakarar. SSB

Kraftig auke i utbetaling av sosialhjelp i fjor

Kommunane betalte ut 11,9 milliardar kroner i sosialhjelp i 2024, ein auke på 21 prosent frå året før.

Publisert Sist oppdatert

Norske mottakarar er den største gruppa, men det var ukrainarar som fekk den største delen av den totale utbetalinga, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Statistikken økonomisk sosialhjelp viser at det var om lag 166.400 sosialhjelpsmottakarar i 2024, 14.000 fleire enn i 2023. I 2024 var nordmenn den største gruppa med i underkant av 57.000 mottakarar, ein auke på 1.150 mottakarar frå 2023.

Etter dette følgde dei med landsbakgrunn frå Ukraina, med om lag 30.600 sosialhjelpsmottakarar som var ein auke på nesten 9.000 frå 2023. Det var 11.100 sosialhjelpsmottakarane frå Syria, som var knapt 1.000 fleire enn året før. Om lag 8.300 med landsbakgrunn frå Somalia tok imot sosialhjelp i 2024, noko som var i underkant av 200 fleire enn i 2023.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS