Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det var godt oppmøte på motbakkeløpet, aller best oppmøte var det i herreklassen.FOTO: PRIVAT
Det var godt oppmøte på motbakkeløpet, aller best oppmøte var det i herreklassen.

Lesaren melder

Kosa seg i motbakken

Publisert Sist oppdatert

Det vart eit vellukka motbakkeløp, Søljenibbo opp» arrangert av Vannes NaturCamp. Vi hadde eit heilt aldeles nydeleg vêr i Vannes i Skånevik under motbakkeløpet. Nokon kom i båt, men dei fleste kom gåande eller springande gjennom skogen. Totalt var det omlag 30 menneske som var samla på tunet. Det var god stemning og glade folk i det fine vêret.

23 deltok i motbakkeløpet. Mosjonistane starta først og de hadde ein fin tur opp til Søljenibbo. Så var det start for tidtaking i alle klasser. Her var det i herreklassen det var størst deltaking og tøff konkurranse. Vinnartida var på imponerande 03:25. Det var einigheit blant herrene på toppen at løpet var brutalt. Det var det kortaste motbakkeløpet de hadde vore med på, men absolutt ikkje det letteste.

Både i dameklassen og jenter/gutar var det få deltakarar i. Men dei som deltok imponerte med supertider. Vel nede på tunet i Vannes var alle samla og imens tider blei rekna ut og resultatlistene klare, var det konsert med Malena Rafal som er ein ung lovande artist.

Powered by Labrador CMS