Ensemblet mMokkat kjem til Etne kyrkje.Foto: Privat
Ensemblet mMokkat kjem til Etne kyrkje.

Konsert i Etne kyrkje

Publisert Sist oppdatert

Konserten Skapande kvinner i vest», som kjem til Etne kyrkje 13. november, vil løfta fram kvinnelege lyrikarar og komponistar, med særleg vekt på Signe Seim (93) frå Voss si dikting, samt nyskriven musikk av komponist Kjersti Follesø (64) frå Bømlo. Seim har ein stor produksjon, men er ikkje så kjend utanfor heimbygda, og i relativt liten grad tonesett. I tillegg vil me ha med verk av andre kvinnelege diktarar som t.d. Inger Hagerup, med planlagd uroppføring av Follesø, samt verk av andre kvinnelege komponistar, som passar inn i heilskapen. Formidlar Johanne Øvstebø Tvedten vil binda det heile saman gjennom diktlesing og forteljingar om kvinnelivet på Vestlandet gjennom tida. Johanne Øvstebø Tvedten, forfattar og formidlar, har bakgrunn som drama- og teaterlærar, og har vore formidlingsleiar ved Sunnhordland museum i 17 år. Ho er kjend for å skriva og framføra historiske forteljingar for både unge og eldre, og levandegjera fortida ved å skapa indre bilete og eit sterkt engasjement hos tilhøyrarane sine.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS