Tiltaka for støtte konkurrentane til Tine skal evaluerast.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Konkurransefremjande tiltak for mjølk skal evaluerast
Tiltaka vart laga for å fremje rammevilkåra for konkurrentane til Tine på område der Tine er ein dominerande aktør. Det dreier seg om differensierte avgifter og tilskot, særskilt distribusjonstilskot og særskild kapitalgodtgjering, skriv Nationen.
I Hurdalsplattforma gjorde regjeringa det klart at dei vil halde fram med prisutjamningsordninga for mjølk, men fase ut dei konkurransepolitiske verkemidla.
Det er Q-Meieriene som har fått mest pengar frå ordninga, i 2020 fekk dei over 150 millionar kroner, ifølgje avisa.