Kong Harald og dronning Sonja besøkjer Moi i Lund kommune. Her saman med ordførar Gro Helleland. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Kong Harald og dronning Sonja besøkjer Moi i Lund kommune. Her saman med ordførar Gro Helleland.

Kongebesøket

Kongeparet er i gang med turen som endar i Ølen

Kong Harald fekk seg ei overrasking då han besøkte Moi i Lund kommune. Her fekk han gjensyn med Ford Edsel-en han fekk i gåve av kong Olav då han var 21.

Publisert Sist oppdatert

– Ikkje visste eg at denne fylkesturen vår i Rogaland skulle få fram gamle minne frå ei svunnen ungdomstid då eg såg Ford Edsel-en ved framkomsten til idrettsanlegget, sa han i talen han heldt i Moi.

– Bilen fekk eg i gåve frå far min då eg var 21 år, og utruleg nok har han vorte skikkeleg fin etter alle desse åra! Den kan vel tene som eit godt døme på at velbrukte veteranar ikkje treng å bli avskilta, men kan få ein ny og overraskande karriere og skine på nytt etter ei grundig overhaling.

Kongen med bjøllehumor

I talen trekte kong Harland fram at mange kommunar ikkje kan skilte med ei hjørnesteinsbedrift, som svært mange menneske har eit gledeleg og dagleg forhold til.

– Nordan slepper lyset inn i dei tusen heimar gjennom dei kjende vindauga sine – og særleg i desse maidagane, når vindauga skal vaskast. Dette slepper heldigvis eg.

– Eg skjønner at Moen Bjøllefabrikk også har levert bjøller til mange idrettsarrangement heilt sidan Lillehammer-OL. Eg ser ikkje bort frå at også dronninga har gripe til ei slik bjølle under viktige idrettsaugneblinkar – og skapt god stemning og litt kortvarig øyresus, la han til.

Kong Harald og dronning Sonja besøkjer Moi i Lund kommune i Rogaland i samband med fylkesbesøka til Agder og Rogaland 26–30 mai.

Takka folket

Vidare takka kong Harald befolkninga for ei flott mottaking.

– Eg gir ein særskild takk til Moi Musikkorps, som feira 125-årsjubileum i fjor – og der eldstemann visstnok er like ung som meg sjølv, la han til i talen.

Kongeparets fylkestur til Agder og Rogaland varer frå 26. til 30. mai.

Kong Harald og dronning Sonja besøkjer Moi i Lund kommune i Rogaland i samband med fylkesbesøka til Agder og Rogaland 26–30 mai.

(NPK)

Powered by Labrador CMS