Når dei fleste av oss trudde at 1. mars var starten på våren, med solskin og varme i lufta – bestemte kong Vinter seg for å gjera eit aldri så lite comeback. Dei siste dagane har snøen og kuldegradene tatt skikkeleg grep om distriktet igjen, og gradestokken har vist heilt ned mot minus 17 grader på det kaldaste. Vêret har veksla mellom både snøbyer og solskin, og det er heilt sikkert mange som har knipsa gode blinkskot av vintervêret.
Har du bilete frå vinteren som plutseleg var tilbake? Del dei gjerne med lesarane våre.
Send inn til foto@grannar og skriv Vinter» i emnefeltet.