Konflikt i omsorg

Det er langt frå urimelege krav dei tillitsvalde har overfor kommunen. Skjerma pauserom er standard […]

Publisert Sist oppdatert

Det er langt frå urimelege krav dei tillitsvalde har overfor kommunen. Skjerma pauserom er standard i norsk arbeidsliv, og det er her Arbeidstilsynet har gitt kommunen pålegg. Pålegget burde føre til ei audmjuk innstilling sidan kommunen har handla i strid med lovverket. Arbeidstilsynet er den kompetente instansen som avgjer slike stridar.
Når leiinga foreslår å henge opp gardiner for å lage skjerma pauserom på Etne omsorgssenter, får det eit komisk skjer over seg. For tillitsvalde må det vere ein provokasjon at eit pålegg blir takla på denne måten.
Ein kan stille spørsmålet om Etne kommune er i ferd med å stemple seg sjølv som ein useriøs arbeidsgjevar med lite oppdatert innstilling.
Striden er omtala i Grannar tidlegare, og den må vere kjend heilt til topps i kommunen. Dersom leiaren ved Etne omsorgssenter ikkje klarer å takle denne saka, burde ein kunne vente at rådmannen fekk striden på rett kjøl.

Kommunane har i dag problem med å skaffe seg kvalifisert arbeidskraft, og spørsmålet mange stiller seg, er korleis dei kan leggje til rette for å bli ein attraktiv arbeidsgjevar.
I Etne går ein altså den motsette vegen, og har store problem med å innsjå at tilsette i omsorg ikkje har skikkeleg pauserom. Til og med etter at pålegget er kome frå Arbeidstilsynet.
Dette er så dårlege signal at det politiske nivået burde fortelje administrasjonen at dei må slutte med den typen destruktiv eigenreklame.

Powered by Labrador CMS