Rapportane er mange om at barn og unge slit ekstra under pandemien. Kommunestyrerepresentant Therese Nesheim (H) stiller spørsmål om kva Vindafjord gjer ekstra for å møte utfordringane.
Foto: Jon Edvardsen
Kommunen gir ikkje unge eit tilfredsstillande helsetilbod
Therese Nesheim (H) stiller spørsmål om strategien kommunen har for å takle psykiske utfordringar i kjølvatnet av pandemien.
Bakgrunnen for spørsmål Therese Nesheim stilte i kommunestyret, er alle rapportane om at pandemien har kosta for den psykiske helsa for mange.
— Vindafjord vil truleg få ein auke i talet på innbyggjarar med behov for psykisk helsehjelp, og ein auke i talet på tilsette som plutseleg blir den som må hjelpe, sa Nesheim.