Kommunalminister Erling Sande (Sp) møtte Gunn Marit Helgesen i KS til krisemøte om kommuneøkonomien.
Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK
Kommunalministeren i pengemøte med kommunesektoren
Kommunalminister Erling Sande (Sp) diskuterte talgrunnlaget for pengane som skal gå til kommunane framover med KS fredag.
Kommunalminister Erling Sande (Sp) diskuterte talgrunnlaget for pengane som skal gå til kommunane framover med KS fredag.
– Det er jo ein krevjande situasjon i kommunane no, og mange opplever at dei sit og gjer vanskelege prioriteringar og vurderingar. Nettopp derfor har vi sagt staten skal stille opp. Vi har diskutert talgrunnlaget, seier Sande.
I forkant av møtet kom KS med krav om naudhjelp til kommunane, og diskusjonar om langsiktige tiltak for å løyse meir fundamentale utfordringar. Det kom ingen summar eller datoar ut av møtet fredag, men kommunalministeren meiner likevel det var viktig: