Også skyss av skuleelevar i distriktet blir ramma ved ei eventuell opptrapping av streiken blant bussjåførar.Arkivfoto
Kolumbus: — Full stans i busstrafikken ved streikeopptrapping
Laurdag er det varsla opptrapping i streiken blant bussjåførane i Noreg. Dermed er det fare for at all ordinær rutetransport på Haugalandet stansar opp.
Det er det fylkeskommunale busselskapet Kolumbus i Rogaland, kjent for sine grøne bussar, som melder om konsekvensane ved ei opptrapping av streiken.
— Frå og med laurdag 26. september vil all ordinær ruteproduksjon i Rogaland bli innstilt dersom dei fire bussoperatørane som køyrer for Kolumbus blir tatt ut i streik. Dei fire operatørane er Norgesbuss på Nord-Jæren, VY på Haugalandet og Jæren/Dalane, Tide i Ryfylke nord, og Boreal i Ryfylke sør. Operatørane har arbeidsgivaransvar for ca. 1.500 sjåførar, opplyser Kolumbus.
Alle operatørane har tilsette som kan bli tatt ut i streik, og det vil difor ikkje vera mulig å oppretthalda eit fungerande rutetilbod dersom streiken blir trappa opp. Dette gjeld også skulerutene.