Grethe Hopland Ravn
Grethe Hopland Ravn

På tampen

Knask eller knep?

Publisert Sist oppdatert

Sist fredag var det Halloween – og mens ungane talde ned timane til dei kunne kasta seg ut i mørket med godtebøtter og plasttenner, kjende eg eit lite oppgitt sukk stiga fram. For mens dagens barn veit alt om dette sukkersøte marerittet, var Halloween heilt ukjent for min generasjon.

Mitt første møte med det skumle fenomenet kom i 1996, då eg nettopp hadde flytta frå Noreg til USA. Eg hugsar det som om det var i går: Butikkane eksploderte i oransje og svarte fargar. Der stod graskara på rekke og rad, omringa av skumle masker, flaggermus, grøne monster og mumiar som knapt klarte å sjå gjennom gasbinda.

Så kom kvelden. Først barna si stund, så dei vaksne. Ungane gjekk frå dør til dør, utkledde som både det eine og det andre – og eg stod som eit spørsmålsteikn i dørkarmen. Trick or treat», ropte dei, som om dei skulle vore eit demonstrasjonstog som hadde øvd i månadsvis. Eg laga nok ein aldri så liten grimase då eg forstod kva dei eigentleg sa: Gi oss snop – elles går det deg ille.»

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS