Knallhard bondekamp skapte lått og løye
Tradisjonen tru stod kappestrid mellom lokale bønder på programmet også under årets Bonde-Marknad i Ølen, og det mangla ikkje på innsatsvilje då deltakarane kasta seg ut i kampen.
— Nå er det klart for årets bondeleiker. Er alle laga klare, seier dagens konferansier Frank Abelseth og ber marknadsfolk og deltakarar samla seg i enden av Sjoargata.
To trillebårer, like mange sagekrakkar, to sinkbøtter og to sekker med poteter står fint oppstilt midt i vegen, og medan deltakarane gjer seg klar til innsats forklarar Abelseth i korte trekk kva reglar som gjeld for kampen. Etter å ha trilla kvar sin bonde i ei trillebår fram til ein sagekrakk, skal dei så saga over ein staur og til sist testa presisjon ved å kasta poteter mot ei bøtte i håp om å treffa blink. Først ute er bondelaga Ølen/Bjoa mot Skjold som til stor jubel frå publikum gjennomfører løypa med glans. Deretter står Vats mot leverandørlaget for tur og til slutt er det duka for finalekamp med Vats mot Ølen/ Bjoa, der bøndene frå Vats viste seg å vera det sterkaste laget.
Lokale varer