Jon Magne Svendsbø (t.v), Anne Sofie Sandvik og Torgeir Øverland frå då Vindafjord Orientering blei til med ei samanslåing i 2019. I 2024 er dei framleis med i styret og klare for ein ny sesong med turorientering og klubbløp.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Klart for sprek kartlesing
— Etter ein lang, mørk og regnvåt vinter, skal det bli godt å komme i gang igjen med turorientering og klubbløp igjen. Motivasjonen stig i takt med sevja i trea og gryande vårsol, seier leiar Jon Magne Svendsbøe i Vindafjord orientering.
Sesongen for turorientering starta laurdag og postane blir hengande ute til 1. september. Dette skriv Vindafjord Orientering på Turorientering si nettside.
Turorientering i Vindafjord 2024 består av ti postar som er plasserte ved Bjoavatnet og langs stien til Gråhorjå på Bjoa, ti postar i skogane mellom Årvik og Gangstø i Vikebygd, og ti postar på kartet Tongane i skogane ved Tørsdalsvegen mellom Åmsosen og Skjold.