Nesten 150 tilskodarar tok turen til eit folkemøte i Vikebygd i fjor. 4. desember er det tid for eit nytt. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Nesten 150 tilskodarar tok turen til eit folkemøte i Vikebygd i 2023. Sidan har det vore fleire godt besøkte møte.

Havvind

Klart for nytt folkemøte

Publisert Sist oppdatert

— Me inviterer til møtet for å orientere om reguleringsplanprosessen og det me skal gjere framover, fortel dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port.

Kommunen er med

Dette blir det fjerde folkemøtet om planane i Vikebygd sidan det første i februar 2023. Dei tidlegare møta har vore godt besøkte med full gymsal i bygdahuset.

Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikle Dommersnes industriområde i Vikebygd. Vindafjord kommune og Westcon Yards eig kvar sin halvdel.

På møtet skal Anne Sofie Sandvik frå Norconsult presentere innsend reguleringsplan for Dommersnes industriområde. Einingsleiar Thomas Vestbø for areal og forvaltning i Vindafjord kommune skal informere om saksbehandling, høyring og politisk behandling av planen. Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port skal gi informasjon om utviklinga av området.

Fokus på prosess

Nyleg vedtok styret i Windafjord Port å utsetje oppstarten av fase 1 på Dommersnes. Fase 1 er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes til potensiell serieproduksjon for havvindnæringa og omhandlar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta meir areal i bruk, medan fase 3 kan omfatte alle dei over 500 måla som er regulerte til industri og vil krevje at Vikevegen blir lagt om.

Jorde opplyser at møtet var planlagt før styret si avgjerd om å utsetje fase 1 og er uavhengig av det.

— Eg kjem ikkje til å seie mykje meir om utsetjinga enn det som står i pressemeldinga, men om nokon har spørsmål, går det an å berøre det, seier Jorde.

I pressemeldinga stod det at bakgrunnen for styret si avgjerd er utsetjinga av Utsira Nord, uavklarte rammevilkår for flytande havvind i Nordsjøen og auka utbyggingskostnader.

For Jorde er det viktig å få fram at reguleringsplanprosessen for fase 2 og 3 går vidare, og at dei framleis søker å få ein godkjent plan innan sommaren eller hausten 2025.

Møtet vil ha fokus på planen og prosessen. Det vil både bli fortalt om kva som er gjort, som til dømes konsekvensutgreiingar og analysar som er leverte til kommunen, og det som skal kome, som ein høyringsrunde der folk kan kome med innspel til planen.

Powered by Labrador CMS