Frå ein tidlegare julemarknad på Bjoa.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Klart for julemarknad og gåveaksjon
— I tillegg til at det blir stappfullt med utstillarar og sjansar for gode kjøp, har me fokus på at marknaden skal vere ein samlingsstad for alle, der overskotet går til gode formål, seier Anna Klette Steinsland i marknadsnemnda til Bjoa Sanitetsforening som arrangerer marknaden.
Forutan utstillarar blir det julekino for barn i samarbeid med Bjoa 4H, juleverkstad for barn i samarbeid med perler for fred» til inntekt for Ukraina, live trekkspelmusikk og intimkafé i biblioteket, og juleskyttar-cup arrangert av Bjoa miniatyrskyttarlag. Dei besøkande får høve til å sjå ei stemningsfull peparkakebygd som har blitt laga i eit samarbeid mellom skule, barnehage, kulturskule og frivillige bakarar.
— Peparkakebygda blir ståande i gangen til skulen fram til juleavslutninga, slik at dei på skulen får ei ekstra hyggeleg adventstid, fortel Klette Steinsland.