No er det klart for Hemsil 3 – den største kraftutbygginga i Hallingdal på 60 år. Foto: Hafslund
No er det klart for Hemsil 3 – den største kraftutbygginga i Hallingdal på 60 år.

Klart for den største kraftutbygginga i Hallingdal på 60 år

Hafslund og Eidsiva har vedteke å investere 2,5 milliardar kroner i kraftverket Hemsil 3 i Hallingdal. Kraftverket vil utnytte fallet mellom Hemsedal og Gol meir effektivt, og sikre vidare kraftproduksjon i Hemsil 2 og 3 tilsvarande straumforbruket til 44.000 husstandar.

Publisert Sist oppdatert

– Dette prosjektet viser korleis ein ved nytenking rundt eksisterande utbygde vassdrag kan få store nye kraftmengder ved å utnytte vassressursane betre. Vi får rett og slett meir kraft ut av kvar drope, seier Kristin Lian, administrerande direktør i Hafslund Kraft i ei pressemelding.

Hemsilvassdraget er allereie påverka av tidlegare vasskraftutbyggingar gjennom utbygginga av kraftverka Hemsil 1 og Hemsil 2. Det nye kraftverket vil til liks med Hemsil 2 ha inntak ved dam Eikrebekken i Hemsedal kommune. Det vil byggjast ny tunnel parallelt med eksisterande tunnel til Hemsil 2, og kraftstasjonen vil liggje i fjell i tilknyting til kraftstasjonen til Hemsil 2 på Gol. Hemsil 3 vil ha utløp til Hallingdalselva like ved utløpet frå Hemsil 2.

(NPK)

Powered by Labrador CMS