Klare for Tysvær og Haugesund
— Det er om å gjere å by på seg sjølv, koma ut av skalet, frigjera seg og få fram karakterane i rollene sine. Her skal det malast med ein brei pensel. Det skal ikkje vera ein rockekonsert, men ei tøff, teatralsk framføring kor ingen må vera redde for å drite seg ut, var bodskapen til gjestecoach Åge Steen Nilsen då han gjesta ei av øvingane i november i fjor.
Komfortable aktørar
Sjølv meinte aktørane det handla om å kome ut av komfortsona.