Skulestart
Klare for skulestart
— Jeg hadde en tann, som hangla og slang!
Musikken strøymer ut frå høgtalarane på Miriam Mæland (6) sitt rom denne laurdagen. Ho har besøk av Tim Nedrelid (5) og Tuva Weider Haugland (6), som alle bur i Ølensvåg. Før sommaren gjekk dei i lag i Vågen barnehage, og no er dei klare for skulestart i første klasse på Vågen skule. Ungane ler og smiler til kvarandre, og ser ut til å vera glade for å møtast etter sommarferien.
— Har de mista nokre tenner?