Geir Arne Eikemo er glad for å sjå framskritta i grenda si.
ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL
Kjem ikkje til å dra bosset over fjorden
Fram til nå har han kompostert det organiske avfallet, og det trur han dei fleste på Eikemo gjer. Restavfallet samlar han opp og køyrer til godkjent mottaksanlegg i Etne. Nå vil HIM at dei betalar renovasjonsavgift og at avfallet blir levert oppsamlingspunkt på Viskjer.
Torsdag fortalte Grannar om HIM sitt arbeid med å få lik ordning for renovasjon blant alle medlemskommunane i det interkommunale miljøverket. Over 200 eigedomar i Etne som til nå ikkje har betalt renovasjonsgebyr, er identifisert. Eigarane har fått brev med krav om å betala frå 1. januar 2023. Fleire har alt protestert fordi det gjeld hytter og hus som ikkje er i bruk.