Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tore Skogen er mellom anna leiar for Vindafjord Jeger og fiskeforeining, og laurdag stod han på Knapphus for å gjera folk merksame på kampanjen om å seinka farten for å spare dyreliv. Foto: Grethe Hopland Ravn
Tore Skogen er mellom anna leiar for Vindafjord Jeger og fiskeforeining, og laurdag stod han på Knapphus for å gjera folk merksame på kampanjen om å seinka farten for å spare dyreliv.

Kampanje mot viltpåkøyrslar i mørketida

Publisert Sist oppdatert

Målet med kampanjen er å redusera skadar og liding for dyra, samt informera om kva ein skal gjera om uhellet er ute. Tore Skogen, leiar for både Vindafjord Jeger- og Fiskelag og NJFF Rogaland, understrekar viktigheita av lågare fart og å vera vaken og opplagt bak rattet, og laurdag var han å finna ved inngangspartiet på Knapphus i Vats, nettopp for å opplysa folk om akkurat dette.

Seink farten

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) Rogaland har tatt initiativ til denne informasjonskampanjen for å redusera talet på viltpåkøyrslar, spesielt i kommunar med høg bestand av hjort. Kampanjen går ut på å nå bilistar gjennom informasjonsstandar på sentrale trafikknutepunkt. Tore Skogen, leiar for Vindafjord Jeger- og Fiskelag og regionleiar i NJFF Rogaland, forklarar at kampanjen skal informera om korleis ein kan unngå ulykker og kva ein skal gjera dersom ei påkøyring skjer. Knapphus, som er eit viktig trafikknutepunkt i området, gav Skogen og NJFF Rogaland godt høve til å nå mange bilistar med viktig informasjon og materiell.

Powered by Labrador CMS